Join the Circus
Varenr. 5
Mønsterkurs
Mønsterkurs
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
I dette kurset vil eg lose deg igjennom eit kjøpt mønster. Ofte kan slike mønster ( Burda, fæbrik, o.l) virke uoverkommelige og kompliserte. Og dei passar som regel heller ikkje deg og din kropp perfekt. Ofte har vi til dømes større hofter, mindre byste og/eller smalare liv. Du vil på kurset lære å tilpasse plagget til deg sjølv og eigne mål.
Vi vil sy opp eit ( eller fleire) prøveplagg, korrigere på deg og overføre desse korrigeringane til mønsteret.
Mønsteret velger du sjølv, kjole, bukse, skjørt, jakke osv; her må du tilpasse vansklighetsgraden til eigne ferdigheter.
( Må vere eit plagg i fast stoff, ikkje i stretch materiale )
Dette kurset passer best om du har sydd litt før, men om du er fersk så velg eit lett eller middels vanskelig mønster, så vi kjem heilt i mål!
Du får prøvestoff og mønsterpapir innkludert i kurspakken.
Mønsteret og stoff til ferdig plagg, står deltakaren for sjølv.
Kurset går over 4 tirsdags kveldar ( kl 18-22 )
Det er berekna at du jobbar litt heime.
Du må ha med eigen symaskin, (evt dele med en venn) overlock får du låne hos meg.
Datoar for kurs: 9. januar, 16.januar, 23.januar og 30.januar.
Max 6 deltakere pr kurs.
SKU:
Vis alle detaljer