Join the Circus
Varenr. 5
Skjørtekurs
Skjørtekurs
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
På dette kurset skal du lage ein personleg mønsterbase til skjørt som passar deg og dine mål. Du skal lære å lage ulike skjørtemønster ved bruk av denne basen. Kvar deltakar skal etterkvart designe eit eige skjørt, langt, smalt, vidt eller kort. Vi går igjennom dei ulike fasonger i plenum, slik at vi får mest mulig kunnskap gjennom kurset.
På vegen til eit eige skjørt går vi igjennom ulike ting som mellom anna; trådrettning, fòr, glidelås, knappehull, belegg, innsnitt, volum og korrigering av mønster. Etter kurset skal du sitte igjen med kunnskap om å lage skjørt i alle mulige fasonger ved hjelp av basen du tek med deg heim.
Alle får eit hefte med all teori vi går igjennom, så ein kan gjere eigne notatar og ta med heim. Inkludert i kurspakken er materiale til å lage mønsterbasen og materiale til eit prøveskjørt og mønsterpapir.
Materiale til eget skjørt står deltakaren for sjølv.
Dette kurset passer best til dei som har sydd litt før, men du må ikkje vere symester.
Kurset går over 4 mandags kveldar ( kl 18-22 )
Det er berekna at du jobbar litt heime.
Du må ha med eigen symaskin, (evt dele med en venn) overlock får du låne hos meg.
Datoar for kurs: 5.Februar, 12.Februar , 19 Februar og 26. Februar
SKU:
Vis alle detaljer